Det største rørleggarlageret i Florø?

Christian Hammerseth er saksbehandlar hos Florø Rør, og har oversikt over alt av mannskap og rørdelar som strøymer inn og ut av bedrifta i Evjegata. – Vi har det største rørleggarlageret i Florø, og systemet vårt er veldig effektivt, fortel Hammerseth.

Han sit på kontoret og tar i mot servicejobbane, samtidig som han bestiller inn nye rørdelar og dirigerar kvar dei 11 rørleggarane skal på oppdrag. Kvar morgon får rørleggarane ein bunke med oppdrag - frå saksbehandlaren - slik at dei har full oversikt over kva jobbar som ventar dei. Ei liste med oppdraga og lappane fagarbeidaranefår med seg ut på jobb, er omtrent det einaste som skjer på papir.

Alt skjer digitalt

Når rørleggarane hentar ut delar frå lageret blir det skanna og registrert på kunde, og kjem rett inn på datamaskina til Christian
Hammerseth.

– Dette gir oss god oversikt og forenklar jobben med å fakturere.
Når rørleggarane er ute på oppdrag registrerar dei jobbane og tek bilde, som og blir sendt elektronisk over til maskina mi, fortel Hammarseth.

Betre oversikt - betre jobb

- Dette systemet er med og kvalitetssikrar arbeidet og varestraumen vår, og gir oss god oversikt. Eg trur vi gjer ein betre jobb, når vi slepp unna ein del papirarbeid og notatar som lett kan forsvinne undervegs.

Dessutan sikrar det oss at vi aldri går tom for delar på lageret.